Takk for støtta under årets fasteaksjon!

Tusen TAKK! Midt i ein krevande situasjon for mange her heime, opplever Kirkens Nødhjelp eit stort hjerterom for dei mest sårbare menneska i verda. - Vi er enormt takksame for engasjement og gleda over å gi som vi ser blandt folk i Sula kommune, seier Ingvild Snipsøyr diakon i Sula kyrkjelyd.

Takk for støtta under årets fasteaksjon!

40.000 bøssebærarar skulle denne veka banka på dører over heile landet for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps årlege fasteaksjon. At aksjonen og innsamlinga i år vart digital som følge av koronakrisa har ikkje lagt noko dempar på det store engasjementet. Så longt har folk i Sula kommune gitt totalt 59.539 kroner til fasteaksjonen.

-Vi vil rette ei stor takk og hjarteleg takk til konfirmantane med foreldre/føresatte, givarar og alle andre som har gjort eit bidrag til vår tids viktigaste fasteaksjon. Med pengane som samlast inn, vil Kirkens Nødhjelp sikre reint vatn til sårbare menneske over heile verda, og trappe opp kampen mot koronaviruset, seier diakon Ingvild.

Koronaviruset sprer seg no til fattige land, og konsekvensane kan bli katastrofale om smitta ikkje kan stoggast. Reint vatn, såpe og god hygiene er livsviktige faktorar i denne ekstreme situasjonen. Både for å forebygge viare spreiing, men og for å hjelpe dei som allereie er ramma.

For kvar krone som er blitt samla inn kan Kirkens Nødhjelp hjelpe dei som treng det som aller mest i 30 av dei mest sårbare landa i verda, seier Ingvild, og minner om at det framleis er mogleg å støtte årets fasteaksjon på VIPPS 2426 eller SMS VANN til 2426 (200,-).

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"